Our Lady Of Medjugorje

Messages From 1984 In Norwegian

1. mars 1984:
"Kjære barn! Eg har valt dette soknet på ein særskild måte og eg ynskjer å leie det. Eg vernar det med kjærleik og eg ynskjer at alle skal vera mine. Takk for at de svara denne kvelden. Eg ynskjer at de heile tida blir fleire som blir med meg og Sonen min. Kvar torsdag vil eg koma med ein bodskap til dykk."

8. mars 1984:
"Takk for at de svara på mitt kall! Kjære barn, de i soknet, omvend dykk. Det er mitt andre ynskje. På den måten vil alle som kjem hit bli i stand til å omvende seg."

15. mars 1984:
"Også i kveld, kjære barn, er eg på ein spesiell måte takksam overfor dykk for å vera her. Tilbe utan opphald det mest velsigna sakramentet på altaret. Eg er alltid til stades når dei truande tilber. Særskild nåde blir då motteken."

22. mars 1984:
"Kjære barn! Eg kallar dykk i kveld, no i fastetida, på ein særskild måte til å ære såra til Sonen min, dei Han fekk frå syndene i dette soknet. Forein dykk med bønene mine for soknet, slik at Hans lidingar kan bli moglege å bera. Takk for at de har svara på mitt kall. Prøv å vera endå fleire når de kjem."

29. mars 1984:
"Kjære barn! På ein spesiell måte ber eg dykk i kveld om å halde ut prøvingane. Tenk på korleis Den Allmektige framleis lir i dag på grunn av syndene dykkar. Så når lidingar kjem, gje dei som eit offer til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall."

5. april 1984:
"Kjære barn! Denne kvelden ber eg om at de spesielt ærar hjartet til Sonen min, Jesus. Gjer godt att for såra som er påførde hjartet til Sonen min. Det hjartet er krenkt av all slags synd. Takk for at de har kome denne kvelden."

12. april 1984:
"Kjære barn! I dag bønnfell eg dykk om å slutte med baktaling og om å be for samhaldet i soknet, fordi Sonen min og eg har ein særskild plan for dette soknet. Takk for at de har svara på mitt kall."

19. april 1984: (Skjærtorsdag)
"Kjære barn! Sympatiser med meg! Be, be, be!"

26. april 1984:
(Jomfru Maria gav ikkje nokon bodskap.)

30. april 1984: (Dette var ein måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav ein bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"Sjølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet, som eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho korkje føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg."

3. mai 1984:
(Ingen bodskap.)

10. mai 1984: (Mange av dei truande var sjokkerte av den siste bodskapen frå jomfru Maria. Enkelte hadde kjensla av at ho ikkje ville gje fleire bodskapar til soknet, men denne kvelden sa ho:)
"Eg talar til dykk og eg ynskjer å tala vidare. Lytt berre til mine rettleiingar!"

17. mai 1984:
"Kjære barn! I dag er eg særs lykkeleg fordi det er mange som ynskjer å vie seg til meg. Takk skal de ha. De har ikkje teke feil. Sonen min, Jesus Kristus, ynskjer å skjenke dykk særskild nåde gjennom meg. Sonen min er lykkeleg for dykkar truskap. Takk for at de har svara på mitt kall."

24. mai 1984:
"Kjære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall."

31. mai 1984:
(Kristi himmelfartsdag. Det var mykje folk tilstades, men det kom ingen bodskap. Jomfru Maria fortalte at ho ville gje ein bodskap laurdag, som skulle offentleggjerast i kyrkja sundag.)

2. juni 1984: (Laurdag)
"Kjære barn! I kveld ynskjer eg å fortelja dykk, i dagane med denne novenaen, å be om at Den Heilage Ande må ausast ut over familiane dykkar og over soknet dykkar. Be, og de skal ikkje angre på det. Gud vil gje dykk gåver som vil få dykk til å lovprise Han til enden av livet dykkar på denne jorda. Takk for at de har svara på mitt kall."

7. juni 1984:
(Ingen bodskap, men jomfru Maria lova å gje ein laurdag.)

9. juni 1984: (Laurdag)
"Kjære barn! Be i morgon kveld om Sanningsanden! Særleg de frå soknet. Fordi de treng Sanningsanden for å vera i stand til å overbringe bodskapane akkurat slik dei er, utan å leggje noko til dei eller å ta noko som helst bort frå dei, men akkurat slik eg sa dei. Be den Den Heilage Ande om å influere på bønelivet dykkar, slik at de vil be meir. Eg, mor dykkar, fortel dykk at de ber lite. Takk for at de har svara på mitt kall."

14. juni 1984:
(Ingen særskild bodskap.)

21. juni 1984:
"Be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall."

28. juni 1984:
(Ingen særskild bodskap.)

5. juli 1984:
"Kjære barn! I dag ynskjer eg å seia dykk, be alltid føre arbeidet dykkar og avslutt arbeidet med bøn. Om de gjer det, vil Gud velsigne dykk og arbeidet dykkar. Desse dagane har de bede for lite og arbeidd for mykje. Be difor. I bøn vil de finne kvile. Takk for at de har svara på mitt kall."

12. juli 1984:
"Kjære barn! Desse dagane prøver Satan å motarbeide planane mine. Bed om at hans plan ikkje må bli fullførd. Eg vil be til Sonen min, Jesus, om å gje dykk nåde til å erfare Jesu siger i freistingane til Satan. Takk for at de har svara på mitt kall."

19. juli 1984:
"Kjære barn! Desse dagane har de fått erfare korleis Satan arbeider. Eg er alltid med dykk, og vær ikkje redde for freistingar, for Gud passar alltid på oss. Eg har også gjeve meg sjølv til dykk, og eg sympatiserar med dykk til og med i den minste freisting. Takk for at de har svara på mitt kall."

26. juli 1984:
"Kjære barn! Også i dag ynskjer eg å kalle dykk til vedvarande bøn og bot. Lat særskilt dei unge menneska i dette soknet bli meir aktive i deira bøner. Takk for at de har svara på mitt kall."

2. august 1984:
"Kjære barn! I dag er eg glad og eg takkar for bønene dykkar. Be endå meir desse dagane om at syndarar må bli omvende. Takk for at de har svara på mitt kall."

9. august 1984:
(Ingen bodskap)

11. august 1984: (Laurdag)
"Kjære barn! Be fordi Satan ynskjer framleis å hindre planane mine. Be med hjartet og overgjev dykk til Jesus i bøn."

14. august 1984: (Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:)
"Eg ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be så mykje som muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst ein rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria."
(Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.)

16. august 1984:
"Kjære barn! Eg bønfell dykk, særleg dei frå dette soknet, om å leva etter bodskapane mine og overbringe dei til andre, til alle de møter. Takk for at de har svara på mitt kall."

23. august 1984:
"Kjære barn! Be, be!"
(Marija sa at jomfru Maria kalla folk, og då særleg dei unge, til ordentleg framferd under messa.)

30. august 1984: (Bodskapen handlar om krossen som er bygd på ein åskam ved Medjugorje:)
"Kjære barn! Krossen var også i Guds plan då de bygde han. Gå særleg desse dagane på fjellet og be framføre krossen. Eg treng bønene dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall."

6. september 1984:
"Kjære barn! Utan bøn er det ingen fred. Difor seier eg til dykk, kjære barn, be om fred ved foten av krossen. Takk for at de har svara på mitt kall."

13. september 1984:
"Kjære barn! Eg treng framleis bønene dykkar. De lurer på kvifor de må be alle desse bønene? Sjå dykk rundt, kjære barn, så vil de sjå kor mykje synd har dominert verda. Be difor om at Jesus sigrar. Takk for at de har svara på mitt kall."

20. september 1984:
"Kjære barn! I dag kallar eg på dykk for å byrje å faste med hjartet. Det er mange folk som fastar, men berre fordi alle andre fastar. Det har vorte ein vane som ingen ynskjer å stoppe. Eg ber soknet om å faste i takkseiing for at Gud har tillate meg å vera så lenge i dette soknet. Kjære barn, fast og be med hjartet. Takk for at de har svara på mitt kall."

27. september 1984:
"Kjære barn! Med bønene dykkar har de hjelpt meg framover med å realisere planane mine. Hald fram med å be om at planane mine kan bli heilt fullførde. Eg oppmodar familiane i soknet om å be familie-rosenkransen. Takk for at de har svara på mitt kall."

4. oktober 1984:
"Kjære barn! I dag vil eg fortelja dykk at de, på nytt og på nytt, gjer meg glad med bønene dykkar, men det er mange nok av dei i dette soknet som ikkje ber, og det gjer hjartet mitt sørgjelegt. Difor, be om at eg kan bringe alle dykkar offer og bøner til Herren. Takk for at de har svara på mitt kall."

8. oktober 1984: (Måndag. Jacov var sjuk og han mottok denne bodskapen heime:)
"Kjære barn! Lat alle bønene de ber om kvelden i heimane dykkar vera for omvending av syndarar, fordi verda er i stor synd. Be rosenkransen kvar kveld."

11. oktober 1984: (I denne bodskapen blir det referert til prøving av folket. Denne prøvinga var mykje regn midt under innhaustinga av druene:)
"Kjære barn! Takk for at de har via alt dykkar harde arbeid til Gud, sjølv no når Han prøver dykk gjennom druene de plukkar. Vær sikre, kjære barn, på at Han elskar dykk og difor prøver Han dykk. Legg alltid fram byrdene dykkar for Gud og vær ikkje engstelege. Takk for at de har svara på mitt kall."

18. oktober 1984:
"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å lesa i Bibelen kvar dag i heimane dykkar. Lat den vera på ein synleg stad slik at den alltid oppmuntrar dykk til å lesa og å be. Takk for at de har svara på mitt kall."

25. oktober 1984:
"Kjære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg vil gje han til dykk. De skal berre be og Gud vil gje dykk den nåde de søkjer. Eg vil hjelpe til med det. Takk for at de har svara på mitt kall."

1. november 1984:
"Kjære barn! Idag kallar eg dykk til fornying av bøn i heimane dykkar. Arbeidet på jordene er over. Vie dykk no til bøn. Lat bøn få den fyrste plassen i familiane dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall."

8. november 1984:
"Kjære barn! De er ikkje medvetne på bodskapane som Gud sender dykk gjennom meg. Han gjev dykk stor nåde og de forstår det ikkje. Be til Den Heilage Ande om klarsyn. Om de berre visste kor stor nåde Gud gjev dykk, ville de be utan opphald. Takk for at de har svara på mitt kall."

15. november 1984:
"Kjære barn! De er eit utvalt folk og Gud har gjeve dykk stor nåde. De er ikkje medvetne på alle bodskapane som eg gjev dykk. No vil eg berre seia - be, be, be! Eg veit ikkje kva anna å fortelja dykk, fordi eg elskar dykk, og eg ynskjer at de gjennom bøn skal forstå min kjærleik og kjærleiken frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall."

22. november 1984:
"Kjære barn! Lev alle dei viktigaste bodskapane desse dagane og hald fram til torsdag med å late dei slå rot i hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall."

29. november 1984:
"Kjære barn! Nei, de veit ikkje korleis de skal elska og de veit ikkje korleis de skal lytte med kjærleik til orda eg gjev dykk. Vær klar over, mine kjære, at eg er Mor dykkar og at eg kom til jorda for å lære dykk å lytte med kjærleik og å be med kjærleik, og at de ikkje er tvungne til å bera ein kross. Gjennom krossen er Gud opphøgd i alle menneske. Takk for at de har svara på mitt kall."

6. desember 1984:
"Kjære barn! Desse dagane inviterer eg dykk til å be i familiane. Mange gonger har eg gjeve dykk bodskapar i namnet åt Gud, men de har ikkje høyrt på meg. Denne jula vil bli ugløymeleg for dykk berre dersom de tek imot bodskapane eg gjev dykk. Kjære barn, lat ikkje denne gledesfylte dagen bli min mest sorgtunge dag. Takk for at de har svara på mitt kall."

13. desember 1984:
"Kjære barn! De veit at den gledesfylte tida nærmar seg, men utan kjærleik oppnår de ikkje noko. Så fyrst av alt, ta til med å elske din eigen familie, alle i soknet og så blir de i stand til å elska og godta alle som kjem hit. Lat no desse sju dagane bli ei veke som de treng for å lære å elske. Takk for at de har svara på mitt kall."

20. desember 1984:
"Kjære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg ein blome til den gledesfylte dagen. Eg vil at kvart medlem i familien skal ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall."

21. desember 1984: (Fredag. Bodskap gjeven gjennom Jelena Vasilij:)
"Eg ynskjer at de skal vera ein blome som vil blomstre for Jesus til jul, og ein blome som ikkje vil halde opp med å blomstre når jula er over. Eg vil at hjarto dykkar skal vera gjetarar for Jesus."

27. desember 1984:
"Kjære barn! Denne jula ynskte Satan på ein særskild måte å øydeleggje Guds plan. De, kjære barn, har skjegla til Satan til og med på fyrste juledag. Men Gud vil vinne i alle hjarto dykkar. Så lat hjarto dykkar halde fram med å vera glade. Takk for at de har svara på mitt kall."


BackHomeOverviewInfo
Last Modified 05/21/2001